Nettsida er under utvikling.

Kontaktinformasjon

Galleri Bjørk
Adresse 6190 BJØRKE
Telefon 911 088 46
E-post kontakt@galleribjork.no

Måleri - og keramikkutstilling i Bakketunet

"Smak av sumar"

På kulturminnedagen søndag 11. september kl 1300 inviterer vi til måleriutstilling med Sigmund Årseth frå Valdres og keramikkutstilling med Rolf Vatn i frå Ørsta. Gine Gaustad Anderssen opnar utstillinga med vakker song. Både kunstnar og handverkar vil vere tilstade under utstillinga denne dagen. 

Årseth som er født og oppvaksen i Bondalen i Hjørundfjorden er mest kjent for sine impresjonistiske landskapsbilete her i Noreg. Årseth er og kjent for å vere ein av vår tid sin dyktigaste rosemålarar, og har spesielt hausta stor anerkjenning i USA for dekorasjonsmålinga si. I 2010 mottok han St. Olavs medaljen for å ha spreidd kunnskap om Noreg og norsk kultur i utlandet. Til utstillinga denne dagen har Årset med seg måleri med motiv henta i frå frodig norsk natur. Vakre fargerike blomar og pulserande landskapsbilete vert å sjå, og som kanskje gir oss ein siste smak av sumar?

I kammerset er Rolf Vatn på plass med keramikk. Vatn vil presentere eit utval av dei siste produkta sine. Koppar, fat og vasar med dei karakteristiske glasurane som særpregar Vatn sin keramikk, er å finne i tunet denne dagen.

På kjøkkenet i den nyoppussa kunstnarbustaden vil Gode Greier i frå Ulsteinvik stille med sine heimelaga saft- og sylteprodukt.

Vi vonar med dette programmet å setje fokus på dei “skjulte skattane” i form av menneske sin medfødte trong til å skape noko. Heilt i frå steinalderen si tid kjenner vi til at menneske har hatt behov for å uttrykke seg og har hatt sansen for “det vakre”. Med denne utstillinga får publikum sjå eit døme på korleis vi i dag vidarefører kulturarven innan kunst- og handverktradisjonar. Alt i ei kulturhistorisk ramme der det ærverdige Bakketunet er kulissar!

Frå kl 12.30: Det vert servert middag i frå utekjøkkenet og det vert kaffi og herlege kaker å få i kafeen i røykstova.

Les meir om Sigmund Årseth her: http://www.hjorundfjord.no/?komponent=artikkel&handling=stikkord&stikkord=Sigmund%20%C3%85rseth 

Takk for i sommar!

Bakketunet stenger no dørene etter ein fantastisk sommarsesong med meir enn 1000 besøkande! Me vil gjerne takke dei besøkande som har kome den lange vegen til Bjørke! Og me set ekstra stor pris på alle i frå bygda som har møtt opp og støtta oss! Spesielt vil me takke kunstnarane i Aggregat Atelierfellesskap for ei spanande hovudutstilling. Og ei STOR takk går til 11 flotte kunsthandverkarar som har hatt utstilling i kammerset denne sommaren! No tek vi oss ein liten "pust i bakken" før vi inviterer til kunst- og handverksutstilling på Kulturminnedagen, søndag 11. september.

Ingrid Riddervold avsluttar sommarsesongen

Søndag 14. august avsluttar Bakketunet på Bjørke sommarsesongen med Ingrid Riddervold som kammersutstillar.

Publikum vil denne søndagen kunne oppleve handlaga brukskunst i det romantiske kammerset. - Ein raud tråd i mine produkt er gjenbruk og nostalgi, fortel Ingrid Riddervold frå Trondheim. Riddervold er kjent for sitt miljøvenlege og retroinspirerte design. Ho har alltid hatt ein stor skapartrong og brukar alt i frå papir til tekstil til gamle nøklar og legoklossar i arbeida sine. Dei siste åra har interessa for tekstile arbeid eskalert og gamle tekstil vert skapt om til nye spanande bruksting. I helga kan vi forvente å finne eit utval av Riddervold sine unike produkt. Blant anna har Riddervold med seg smykker, øyrepynt, kjolar, vesker og dei populære lommebøkene av mjølkekartongar til utstillinga i Bakketunet på Bjørke.

Søndag er det siste sjanse til å få med seg hovudutstillinga ”Rørsle” som er ved kunstnarane i Aggregat Atelierfellesskap, Stine Q. Vister, Simon Wågsholm, Karin Augusta Nogva og Hilde Rosenberg Barmarni. Dei besøkande har og høve til å sjå inn i ”kunstnarbustaden” som ligg på garden, eit nyoppussa hus i frå 1950 talet der vi og lovar mange nostalgiske innslag. Frå utekjøkkenet like ved, serverar vi rømmegraut og spekemat, og i den 450 år gamle røykstova, kan ein nyte kaffi og herlege kaker!

Renate Løvli ny kammersutstillar søndag 7. august

I helga presenterer Bakketunet eit nytt og spanande kunsthandverk i kammerset. Denne søndagen er det Renate Løvli, kvinna bak merket Leirbrent, som kjem den lange vegen frå Lillehammer for å stille ut vakkert porselen med utradisjonell dekor.

Renate Løvli har bachelorgrad i Utviklingsstudier, er nyutdanna lærar og er i tillegg fengselsbetjent. Då dei grunna samboeren sitt arbeid flytta til Bergen, bestemte ho seg for å legge vekk fornufta og kun gjere det som ho verkeleg hadde lyst til! Dette førte til 2 timar med pendling kvar veg til Stord i eitt år der ho studerte Kunst og Handverk. Med dette fekk ho moglegheita til å prøve ut keramikk. Av nyskjerrigheit, og fordi ho var så heldig og få praksis hos anerkjente Sarah Reed, falt valet på støyping med flytande porselensleire i gipsformer.

Løvli seier at ho elskar kombinasjonen av skjørheit og styrken som eksisterar i porselen. Materialet er slitesterkt, men gir og moglegheit for å lage tynne og solide produkt som gjer dei lette og på same tid opplevinga av å vere skjøre. - Eg strevar etter at mine produkt skal representere noko tøft, som på same tid inneheld eigenskapen av å vere vakker. Eg likar å kombinere nye former med gamalt uttrykk, noko som fører til at mange av mine produkt blant anna har motiv av gamle roser. I tillegg er eg tilhengar av -60 tals stilen, noko som har ført til motiv som stupedama fra den gamle pastilleska og eit stor bruk av prikkar, fortel Løvli. Hennar eige favorittprodukt er badehetteskåla, som er ei direkte avstøyping av ei ekte badehette!

 

Ho likar det stilrene, minimalistiske og enkle, og brukar difor i liten grad glasurar med farge. I tillegg er ho glad i å kombinere ei blank innside med ei matt utside.

I kammerset denne helga kan publikum forvente å sjå eit breitt utval av Løvli sine porselensprodukt. Ho fortel at ho til denne utstillinga har jobba med å lage noko nytt og har spesielt hatt fokus på koppar og skåler med små gute-figurar i. I tillegg har ho laga ein heilt ny serie porselenssmykker til utstillinga denne helga.

Hovudutstillinga ”Rørsle” ved Aggregat Atelierfellesskap er å sjå i dei ulike bygningane i tunet, og varer t.o.m. 14. august.

Tunet er ope kvar søndag kl 12-17.

Velkomen!

BertaSofie med smykkedesign i kammerset

Søndag presenterer Bakketunet ei ny og spanande utstilling i kammerset. Denne helga er det Kaja Marie Berta Sofie Løvdal, kvinna bak designmerket BertaSofie, som inntek det romantiske kammerset i Sunnmøre sitt eldste gardstun.
 
Løvdal tek den lange turen frå Trondheim til Bjørke for å gi dei besøkande ein smakebit frå hennar kreative smykkeproduksjon.
Løvdal som opprinneleg kjem i frå Sortland i Vesterålen, har utdanninga si i frå Design og produktutvikling i tekstil ved Høgskolen i Oslo. Som designer vert Kaja inspirert av humor og rare ting, musikk og spanande materiale. Ho ønsker å formidle livsglede gjennom sitt estetiske arbeid. Med bakgrunn i frå musikk og scene har Kaja ein spesiell lidenskap for å kombinere design- og musikkuttrykk. I føretaket BertaSofie tilbyr ho konsertdesign til musikarar der ho står for det visuelle uttrykket på scena. Ho har tidlegare jobba med TV-produksjon, og i 2008 deltok ho på Oslo Fashion Week som ein av designerane bak DUG.
 
I kammerset denne søndagen vil Kaja stille ut smykker og fototrykk. Smykka er i plastfolie, sølv og forsølva messing, og det var fascinasjonen for det formbare og neonrosa plastmaterialet som fekk henne til å lage dei første smykka. Etterkvart har ho fått fleire fargar i plastfoliepaletten. Smykka lagar fargerike skyggar på omgivnadane når lyset skin gjennom den tranparente plasten, og nettopp fargerike skygger er temaet for serien med fototrykk som Løvdal vil stille ut i kammerset saman med smykka.
 
Hovudutstillinga i tunet denne sommaren er ved Aggregat Atelierfellesskap i frå Ålesund som viser videokunst i dei ulike bygningane i tunet.
 
Vi tilbyr tradisjonell kaffimat i røykstova og i utekjøkkenet ved kunstnarbustaden, er det høve til å nyte ein tallerken med rømmegraut og spekemat.
 
Velkomen til ei god og nær oppleving i Bakketunet!

Naturfotograf Gunnar Wangen i kammerset søndag 24. juli

 Bakketunet er svært glade for å ha fått naturfotograf Gunnar Wangen som helga sin kammersutstillar.
 
- Eit aktivt friluftsliv og interesse for natur gir inspirasjon og er med på å prege motivutvalet, seier Wangen som kjøpte sitt første speilreflekskamera allereie i 1979. Wangen leverer bilete til ulike føremål innan reiseliv, kalendarar, bøker og utsmykking til bedrifter og private. Han var også med på utsmykkinga av Hotell Ivar Aasen i Ørsta, der store format med motiv i frå mektig sunnmørsnatur prydar veggane.
 
Han har m.a. delteke i utgjevinga av bøkene ”Sunnmørsalpane - Tindelandet”, "Runde - et funn for naturinteresserte" og den populære boka ”Fotturar på Sunnmøre” som no har kome ut i fjerde utgåve. Søndag kan publikum forvente å sjå ei utstilling med motiv frå fjell- og kystlandskap, samt spanande detaljbilete.
 
Bakketunet på Bjørke har denne sommaren markert seg som eit populært turmål søndagar. Tunet som er det eldste og mest komplette gardstunet på Sunnmøre, opna dørene for publikum i fjor sommar etter fleire år med restaureringsarbeid. Innehavar av tunet, Marita Bett Jensen, har som mål av seg å gjere tunet til eit levande gardstun, der gardsdrift er bytta ut med aktivitetar innan kunst- og kultur.
Hovudutstillinga denne sommaren er ved Aggregat Atelierfellesskap som gjennom videokunst tek deg med på ei reise i tid.
Tunet tilbyr og tradisjonell kaffimat i røykstova og ved uteområdet ved den nyopna kunstnarbustaden, er det høve til å nyte rømmegraut og spekemat.

Tekstilkunstnar Judith Bech i kammerset 17. juli

Bakketunet på Bjørke har gjort eit kupp når dei søndag kan presentere kjolar av den kjende motepioneren og tekstilkunstnaren Judith Bech frå Vatne.

- Vi er svært glade for å få Judtih Bech som kammersutstillar. Publikum vil få oppleve tekstilkunst på høgt nivå, og dette vert ei annleis utstilling, lovar Marita Bett Jensen, innehavar av Bakketunet.
Judith Bech har spesialisert seg på å designe eventyrlege kjolar til bryllaup og fest, plagg som er unike og eksklusive. Og både prinsesser og kjendisar har bore dei fantastiske kjolane hennar.

Eksklusivitet står i høgsetet hjå Bech som ønskjer å få fram individiteten til kvar enkelt kjole. Dei vert sydd lokalt av henne og to andre som ho leiger inn, men kjolane er langt i frå masseproduserte.

Judith Bech tok eksamen fra Ålesund Kunstskole i 2003, etter å ha gått kjole-, drakt- og saumlina på Nørve videregående skole, seks år i lære og så etablerarskule. Ho har i tillegg vore innom ulike kunstnarar, men den ho sjølv meiner å ha lært mest av er Charles Lant.
Kleda ho tek med seg til kammerset på Bakketunet er frå årets kolleksjon, og er ikkje vist for publikum tidlegare.

 

 

 

Kammerutstillar 10. juli

Aud Hjelle kammerutstillar

Bakketunet har den store glede av å presentere Aud Hjelle som helga sin kammersutstillar. 

Aud Hjelle frå Lote teiknar og syr sjølv kleda ho sel. Frå fargerike, særeigne drakter i ullfilt til silkesjal og hattar. Frå bruksklede til fest og dans. Ho jobbar etter filosofien om å utforme kleda slik at snittet lett let seg kombinere med kvarandre eller med det ein elles måtte ha i klesskapet. Plagga er laga i ullfilt som består av  85% ull og 15 % polyester. Denne kombinasjonen gir eit behageleg og lunt plagg. Og kan vaskast på ullprogram og sentrifugerast lett.

Hovudutstillinga "Rørsle" ved Aggregat Atelierfellesskap vert å sjå heile sesongen. Og i utekjøkkenet ved den nyoppussa kunstnarbustaden er det middagsservering kvar søndag. I tillegg kan ein få seg både kaffi, kaker og sveler i røykstova i tunet. 

Velkomen til ei god oppleving i Bakketunet!  

Kammerutstillarar 3. juli 2011

Eli og Edith i kammerset på Bakketunet

I helga opna Bakketunet dørene til sin andre sesong, og gjennom sumaren har publikum høve til å besøke det idylliske tunet kvar søndagar fram til 14. august.

Publikum kan i år oppleve hovudutstillinga “Rørsle” ved Aggregat Atelierfellesskap, ei utstilling basert på moderne tekonologi. I tillegg til denne utstillinga vert ein ny “Kammersutstillar” presentert i røykstova i kammerset kvar søndag.

Denne søndagen er det dei to E- ane, drivarane av Galleri E & E i Fosnavågen som skal dele det rosa og blå kammerset i tunet. Eli Vik Nerland er maskinstrikkar og produserer vakre strikkeprodukt i eige design. Ho strikkar for det meste i garntypa alpakka for å få den rette kvaliteten og uttrykket. Til denne utstillinga tek ho og med nye dåpskjolar strikka i andre garnkvalitetar. Eli har studert Kreativt maskinstrikk ved Høgskulen i Telemark, har kursa seg i England og Norge, og har etterkvart opparbeidd seg lang erfaring innan faget.

Edith Kvalsund er keramikar i tillegg til å drive Galleri E & E saman med Eli. Keramikken produserer ho i eigen verkstad i bedrifta Keramikkhagen på Nerlandsøya. Ho har utdanninga si i frå Høgskulen i Volda med fordjuping i Kunst- og handverk. Dei keramiske produkta til Edith har gjerne eit maritimt inspirert uttrykk, og publikum kan denne søndagen forvente å finne båtar og ausekar som lyshaldarar, dekorative havfruer og flyndrefat. Blant sortimentet kan du og finne dei populære “hjartedamene”, og kven desse damene er, må du ta turen til Bjørke for å finne ut.

Siloen skal rivast!

I blant dei gamle bygningane på tunet står ein frittståande kreosotimpregnert silobinge. Det interessante med denne er at den er det siste synlege bevis på aktiv gardsdrift i tunet. Siloen var i bruk til gardsdrifta vart lagt ned eingong på 60-talet etter kontinuerleg drift gjennom fleire hundre år. Strengt tatt er siloen eit framandelement i dette gamle bygningsmiljøet, samstundes er den eit historisk dokument, og er på ein måte eit punktum for gardsdrifta på Bakketunet.

Siloen er prega av forfall, og er totalt oppråten i botnen. Dette gjer at konstruksjonen er i ferd med å svikte. Og med dette som hovudargument, i tillegg til at ein reperasjon vil koste dyrt, har vi beslutta å rive siloen i 
slutten av mai.

 

Sesongopning!

 

Gamal historie vert stilt opp mot nye teknologiske forteljingar når kunstnarane på Aggregat atelierfellesskap viser videokunst på Bjørke.

Laurdag 25. juni kl 12.30 opnar utstillinga “Rørsle” i Bakketunet på Bjørke. Her vil kunstnarane på Aggregat Atelierfellesskap; Karin Augusta Nogva, Stine Q. Vister, Simon Wågsholm og Hilde Rosenberg Bamarni skape ein dialog mellom gamal og ny tid. Gjennom teknologi formidlast ulike tema frå vår eiga samtid. Desse arbeida blir presentert på ulike stadar i dei ærverdige bygningene på Bakketunet. Ei ”røyrsle” vil verte skapt mellom tider, levande bilete og kjensler.

Arrangementet er eit samarbeid med Dei Nynorske Festspela.

Tunet vil ha ope kvar søndag frå 12-17 fram til 14. august. Elles tek vi imot grupper etter avtale.

Inngong kr 50,-

 

Besøk tunet i sommar

Vi ønskjer firma, lag og organisajonar velkomne til ei god oppleving i det vakre Bakketunet! 

Denne sesongen tilbyr vi skreddarsydde opplegg for grupper (minimum 6 personar) frå medio mai til medio september, tysdag til laurdag.

Vi kan tilby omvisning i tunet og kreative aktivitetar som maling, teikning og blomebinderi. Som ein del av opplegget kan det vere høve til å gjere eit stopp på nabogarden Mork`s Antikk. Det kan og ordnast med eigne opplegg innan ride- og køyreopplevingar med hest i Knutegarden, leia av Maria Nikkinen Rørstad.   

Vi dekkjer det 450 år gamle langbordet i røykstova eller utandørs i den frodige hagen for middag og/eller kaffimat.  

Hjarteleg velkomen!

Pris per pers. frå kr. 200,-. Antal må bekreftast seinast 5 dager før besøket. Betaling skjer ved tilsendt faktura. 

Ta kontakt for fleire detaljar. Tlf. 91 10 88 46         

E-post: kontakt@galleribjork.no 

 

 

Bakketunet

Inst i vakre Hjørundfjord, i kulturbygda Bjørke, ligg det freda Bakketunet med sine gamle erverdige bygningar der delar av tømmeret er datert attende til 1500 talet.

Tunet er det eldste og mest komplette gardstunet på Sunnmøre, og etter fleire år med omfattande restaureringsarbeid opna eigarane tunet for besøkande sommaren 2010.

Med dei gamle historiske bygningane som kulisser, byr tunet på eit tilbakeblikk til ei svunna tid. Der kan du finne landet si eldste grindløde, ei røykstove med tømmer frå 1549, eit stabbur med bonde-antikvitetar, stall med utedo, kufjøs med kunst m.m.

Tunet viser kvart år ei hovudutstilling med ein utøvande kunstnar. Utstillinga med samtidskunst er integrert i tunet sine mange bygningar.

Kvar søndag presenterer tunet ein ny “kammersutstillar” som stiller ut unike kunst- og handverksprodukt i kammerset.

For den hageinteresserte har tunet ein rik flora med blomar frå oldemor sin hage, og borna kan delta på tilrettelagde oppdagingsferder og inspirerande maleaktivitetar.

På tunet ligg den nyoppussa “Kunstnarbustaden“, eit koseleg innreidd hus somtek deg attende til “bestemor si tid“. Huset er og til utleige.

Opningstider: 25. juni- 14. august, alle søndagar frå 12- 17